Langøymarknaden 2019

Langøymarknaden 2019

august 24, 2019
Treff: 16

24. aug. kl. 12:00–25. aug. kl. 17:00

Sidan august 2002 har Langøymarknaden vore eit årvisst og stadig meir besøkt arrangement, og også i år blir det to glade marknadsdagar der folk kan møtast og nyta natur og kultur!

Laurdag 24. august, kl. 12.00 - 17.00
Søndag 25. august, kl. 12.00 - 17.00
Søndag blir det friluftsgudsteneste kl. 11.00 - 11.45

Det blir fullt i alle hus med hyggelege utstillarar, og du kan sjå/nyta/kjøpa husflid og handverk, kunst og foto, og lokalt tilverka mat.

Fjell kystlag serverer middag for alle ganar på bryggja, og kaffi og kaffibite i Bakarloftet (kafeen). Familien Helleland sel nysteikte bollar frå det gamle bakeriet.

Båtturar med kystlaget, padling på vågen og dei barske kan bada i badevika. Nye aktivitetar blir lagt til etter kvart.

Repetisjoner

Cookies make it easier for us to provide you with our services. With the usage of our services you permit us to use cookies.
More information Ok Decline