no Norwegian en English

Vest Næringsråd

onsdag, 26 juni 2013 15:20

Glesnes Handelstad

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

Glesvær er ein av dei eldste handelsstadane på Vestlands-kysten. På 1700- og 1800-talet var dette det største og viktigaste fiskeværet på Sotra.

Første gongen vi veit handelsstaden Glesvær er omtala, er i 1664. Då var det bergenskjøpmannen Hendrich Wessel som åtte staden.

Eigaren av Glesvær var ein mektig mann. I tillegg til å ha einerett på handel, var han største jordeigaren i Sund, og fiskarane i distriktet plikta å levera fangstane sine her. Under sildefisket var Glesvær ein samlingsstad. Opp til 140 fartøy kunne liggja samla her på ein gong. I 1885 gjekk eigaren av Glesvær konkurs, og alle eigedomane utanom sjølve Glesvær vart seld. Bakke-familien kjøpte handelsstaden i 1890.

I dag finner du Glesvær Kafe, – Kafèen er innreda med originalinnredningen frå den gamle butikken frå rundt 1900. Nyt ein god kopp kaffe i trivelege og ærverdige lokale og sug inn atmosfæren frå gamle dagar mens du tar eit slag sjakk, back gammon eller ludo. Eller ta ein kikk på vår kunstutstilling.


Lest 2391 ganger Sist redigert søndag, 14 januar 2018 00:07

Populære

Topp Rangert

Nye oppføringer

­