mandag, 06 juni 2011 20:46

Vikaskarven

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(0 Stemmer)

vikaskarven Vikaskarven - Sotra og Øygarden på nett  VestforBergen.no -Vikaskarven er ei lokalavis for bygda Vik på Toftøy i Øygarden kommune, Hordaland. Første utgåve av avisa kom 5.april 2001 og inneheld fire sider trykt i svart-kvit. Vik Grendalag er ansvarleg utgjevar for Vikaskarven som  kjem ut fire gonger i året, i mars, juni, september og desember.

På "gamle" Vik er det 60 hustandar som får avisa gratis. I tillegg får dei fleste hustandane i Knappen avisa, der er det 70 hustandar. Ut over dette vert Vikaskarven sendt i posten til rundt 60 abonnentar, dei fleste frå nabogarane Toft og Torsvik på Toftøy, og til utflytta "vikafolk" spreidde over heile verda til dømes USA, New Zealand, Tyskland, Danmark og Sverige.

Tanken med avisa er å vera ein møteplass der folk kan få vita nytt frå Vik og vikafolk heime og ute. Før møtest folk på butikken, på kaien eller ved sjydn der dei snakka med kvarandre om likt og ulikt. Desse møteplassane er vekke, og kontakten folk imellom er liten.

Vikaskarven Nettside

Lest 3662 ganger Sist redigert tirsdag, 06 mars 2012 16:05
Mer i denne kategorien « Norske Navn chrispy.blogg.no »

Populære

Topp Rangert

Nye oppføringer

­