no Norwegian en English
lørdag, 28 august 2021 00:39

Alle skal kunne smile - Leserinnlegg

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(3 Stemmer)

I dag gruar mange seg til å gå til tannlegen, ikkje berre av frykt for hol i tennene, men også av frykt for utgiftene.

Ei spørjeundersøking utført av Sentio viser at i Hordaland seier 26% av innbyggarane at dei lar vere å gå til tannlegen på grunn av prisen. For aldersgruppa under 40 år er talet 40%

SV sitt mål er at det ikkje skal koste meir å gå til tannlegen enn å gå til legen. Det er behov for å tette holet i velferdsstaten og utvide velferda med ei tannhelsereform som skal sørgje for at fleire kan få behandling i offentleg regi, og at tannhelse blir ein del av folketrygda. Vi ønskjer å gjennomføre ei tannhelsereform der nødvendig tannbehandling blir likestilt med andre helsetenester.

Det vil ta fleire år å innføre ei slik reform, men noko kan vi gjere allereie i haust. Det er å byggje ut den offentlege fylkeskommunale tannhelsetenesta og sikre auka kapasitet i dei fylkeskommunale tenestene. Fleire grupper må få rettar, mellom anna ved at unge vaksne opp til 30 år får rabatterte tilbod, og alle eldre over 75 år får gratis tannhelsesjekk. Kjeveortopedi (regulering) må inn i offentleg tannhelsetilbod og vi må innføre regulerte prisar på nødvendige kjeveortopediske tenester. Vi vil umiddelbart inkludere fleire behandlingar i refusjonsordninga. Fram til tannhelsereforma er ferdig, vil SV innføre eit tak på kostnader ved naudsynt tannhelsebehandling.

Eit enkelt søk på spørsmålet tannhelse og lån, avslører at ein rekke bankar tilbyr dyre forbrukslån for å betale tannlegerekninga. Det er ikkje eit velferdssamfunn verdig. Ein tenkjer kanskje at ei tannhelsereform vil verte veldig dyr, men kostnaden er ikkje meir enn det dagens regjering har gitt i formueskattelette til dei aller rikaste. Altså ein heilt overkommeleg kostnad, viss ein berre er villig til å omfordele.

Førebygging, jamleg tannhelsesjekk og rask behandling når noko er galt er viktig for å ha ei god tannhelse, i tillegg reduserer god tannhelse smerte, førebygger sjukdommar og motverkar sosial isolasjon. Har du god råd har du fine tenner, men har du dårleg råd er det stor sjans for at du held handa diskret framfor munnen når du smiler. Det er på høg tid at vi gir alle moglegheit for å smile.

Sara Bell

2.kandidat for SV frå Hordaland valkrins til stortinget

Sara_Bell_Profilfoto Alle skal kunne smile - Leserinnlegg - Sotra og Øygarden på nett  VestforBergen.no -

Lest 54 ganger Sist redigert lørdag, 28 august 2021 00:45

Populære

Topp Rangert

Nye oppføringer

­