no Norwegian en English
tirsdag, 16 februar 2021 22:47

Roy Vorland gjev ut ny singel - Himmelhøge sti

Skrevet av
Ranger denne artikkelen
(5 Stemmer)

Litt over 2 månader sidan sin forige singel utgjeving (O Helga Natt), gjev no Roy Vorland ut ein versjon av den vakre songen Himmelhøge sti.

Himmelhøge sti 

(Tekst: Ingvar Hovland, Melodi: Odd Erik Ognedal). 

Himmelhøge sti er tilgjengeleg på alle strøymetjenester. (Spotify, Tidal, Youtube etc).

Roy vonar at Himmelhøge sti kan gje trøyst og varme under ei sorgfull tid for dei som har mista ein av sine kjære , eller at songen kan vere  ein trøystesong  i denne vanskelege tida me alle er inne i med Covid 19 som råder i samfunnet vårt no. Songen er posetiv sjølv om den har ein sorgmodig undertone, og set takksemd i høgsete. Songen beskriv at sjølv om ein er borte, så kan den allikevel kjennast nær i det ein ser rundt seg.  Roy syng ofte i begravelser, og har merka seg at Himmelhøge sti er ein song som ofte vert valgt av dei etterlatte, både til trøyst og glede.

Musikarene som er med på innspelinga er: Cello Johann Sebastian Blum. Piano: Kristian Wedberg. Bass: Peter Harald Sæverud. 
Produsent: Jan Tore Ness og Roy Vorland. Innspelt i Mors Kjeller Records.
 

 

Roy er mest kjend for sin komposisjon Songen Frå Vest, der han har tonesatt eit dikt etter Knut Øygard. Songen Frå Vest har nærast vorte ein «nasjonalsong» for Øygarden Kommune. Songen har vorte brukt under så mange forskjellige arrangement og høve. Til dømes under opninga av Øygarden Nye kommune januar 2020. 


Litt om Roy Vorland

  • Songar, komponist og tekstforfattar.
  • Tidligare utgjevningar: O Helga Natt (2020)  Draumelandet (2019), The Angels Sing (november 2017), All of me (2017), Gje meg handa di, ven  (2016), Songen Frå Vest (2007), og  EP`en Vår   Tid I Sola (1999).
  • Mykje brukt solist under begravelser i Bergen og omegn.
  • I artiststallen til Scandinavian Entertainment Service.
  • Har medvirka i fleire musikaler, sist i «Little Shop of Horrors» på Ole Bull Scene i Bergen.
  • Skodespelar/songar i teatertruppen Krabatene.
  • Vokalist i bandet Driv.
  • Vinner av Parodi Grand Prix i 2005 og 2014.
  • Kom på 2. plass i Europride Song Contest i Køln i 2002 med sin egen komposisjon; I min fantasi.
  • 55 år
  • Stolt Sotrastril

Roy pressebilde

Kontaktinformasjon

Roy Vorland

Telefon: 932 26 038

Epost: hencator2@hotmail.com 

 

Lest 60 ganger Sist redigert tirsdag, 16 februar 2021 23:01
Mer i denne kategorien « Stina Talling - Elevate

Populære

Topp Rangert

Nye oppføringer

­