Andreas begynte med musikkproduksjon for ca 2 år sidan, men har alltid vore veldig opptatt av musikk. For dei som er kjent i musikkprogram verden, så begynte han med "fl studio og garageband" men gjekk fort vidare til "Logic pro x".
Han spelar litt piano og gitar sjølv og ein del av lydene han bruker laga han også sjølv. Han fortelle at musikken han laga er i hovedsak "melbourne Bounce og progressive house". Han har som sagt solgt 2 russelåtar i år, og finansiert nytt utstyr med inntektene. Han har allerede bestillinger på nye russelåtar til neste års russ.
Andreas har god kontakt med Adrian Emile og Robin Veela som er 2 store forbilder i denne musikk sjangeren og får gode innspill der.
Denne nye singelen har han laga saman med sin kompis, Tore Oellingrath frå Porsgrunn og har fått tittelen, Dream With Me. Vokal er utført av Ingrid Aaseng.
Sangen ligg både på soundcloud og spotify.