Øygardskonferansen 2024
fre
nov 8
Vi løftar blikket ut i verda for å søka nye perspektiv og ei breiare forståing av oss sjølv.
Visste du at 10 000 menneske frå 50 ulike nasjonar allereie har besøkt mottaksanlegget for CO2?
I haust opnar anlegget som blir ein spydspiss for grøn omstillingsvilje i Noreg, og verda sine auge vil i endå større grad vera retta hit.
Like viktig er det å løfte fram kva næringslivet i Øygarden allereie betyr for verda.
Årets konferanse vil vise deg kvifor Øygarden stikk seg ut, og kva bedriftene her bidrar med globalt innan fleire næringar.
Vi legg opp til ein konferanse med samtalar, debatt, intervju og innlegg frå scena som handlar om:
- Kva moglegheiter næringslivet har når verda ser til oss?
- Kva moglegheiter næringslivet har når vi vender blikket utover?
Konferansierar er Finn Tokvam og Halvor Folgerø.
Øygardskonferansen 2024
Vi løftar blikket ut i verda for å søka nye perspektiv og ei breiare forståing av oss sjølv.