Grøss og gru i fjero - familevenleg Haloween
søn
okt 29
Me inviterer til familievenleg Halloweenfeiring Kle deg ut og bli med på moroa. Det vert kostymekonkurranse, puslebord, spøkelsesvandring i utstillinga og sjølvsagt SKREKKNAUST (for den som tør )
Me gjentar suksessen frå ifjor og inviterer til ei skrekkeleg koseleg Halloweenfeiring på museet. Me oppmodar alle til å kle seg ut, og om du vil kan du bli med i kostymekonkurransen kor du kan vinne fine premiar.
På museet legg me opp til kos og moro, mens for den som tør kan me anbefale eit besøk i skrekknaustet Ifjor var det sjølvaste Draugen som satt der - kven møter ein på i år mon tro?
I kafeen vert det puslebord kor ein kan teikne og lage andre småting.
Klokka 13.30 viser me film i kinosalen: Monsterfamilien (aldersgrense 6 år).
Kafeen er sjølvsagt open så du kan få påfyll undervegs i programmet.
Arrangementet er gratis for born under 18 år, for vaksne gjeld vanleg museumsbillett.
Velkommen !