Back to events

Mjau, barnemusikal

27

Sat

Apr 13

2024-04-13 2024-04-13 Mjau, barnemusikal
Med den same inspirasjonen som verdskjende «Cats» besøker barnemusikalen «Mjau» biblioteket på Skogsskiftet denne laurdagen!

Bli med på ein morsom og musikalsk reise i katteverda – og møt gamle Jeronimus, skumlekatten Gropius, dansepusen Bellarus, dei fisefine perserpusane og mange fleire!
 
Andrew Lloyd Webber sin verdskjende musikal «Cats» spelte 21 år på West End i London. Musikalen er omsatt til 21 språk, deriblant norsk. Musikkspelet er basert på Old Possum's Book of Practical Cats av T. S. Eliot.
 
Irene Ahnéll og teatergruppa Krabatene har latt seg inspirera av dei same dikta i det dei har skapt mikromusikalen «Mjau». I staden for å bruke dikta direkte lot Ahnéll seg inspirera til å lage heilt nye tekstar og nyskreven musikk.I «Mjau» møter du også krimkatten Mapyteron, teaterkatten Klas, og dei to kattane Ringoharri og Ramponille, som er både operakattar og rampekattar. Ahnéll kler dei forskjellege rollane saman med Andreas Holt og Yvonne Algerøy.
Teatergruppa Krabatene består av Irene Ahnéll, Mette Scarth Tønseth og Ramona Sulen.
 
Det er ingen påmelding og arrangementet er gratis. Frå 3 år
Categories
Event Details
13 Apr 2024
12:00 GMT +01:00
Type
Indoor arrangement
Mode
LIVE
OfflineEventAttendanceMode
 Skogevegen,Vestland, 5382,Vestland,Øygarden Skogevegen,Vestland, 5382,Vestland,Øygarden - Map Directions

We use cookies

We use cookies on our website. Some of them are essential for the operation of the site, while others help us to improve this site and the user experience (tracking cookies). You can decide for yourself whether you want to allow cookies or not. Please note that if you reject them, you may not be able to use all the functionalities of the site.